torsdag 12. februar 2009

Bokmelding



Bokmelding av Venninnen

(Venninnen, Cappelen Damm forlag, 432 sider, oversatt av Espen Stueland)

Venninnen er skrive av Denise Rudberg, født 1971. Ho skriv om den svenske overklassen, som finn stad i Stockholm. Denise Rudberg er sjølv frå Sverige, og derfor greier ho å beskrive ting godt. Venninnen ble gitt ut i 2005, og er første boka i ein trilogi. Ho har skrive to trilogiar. Venninnen tilhøra ein trilogi som også består av STR. 37 og prinsen. Den andre trilogien består av bøkene Jenny S, Matilde og Søsteren.

Handlinga føregår heile tida i Stockholm. Det meste handlar om Kristins liv og hennes ekteskap. Ho er 29 år, og lever eit ganske hektisk liv i Stockholm. Ein dag møter ho ein gammal klassevenninne. Eva er ein vakker kvinne som tidligare har vært bestevennen til Kristin. De har ikkje snakket saman på lenge. Eva lever eit liv fult av fester, pengar og kjekke menn. Ho får Kristin med seg ut, og dresser henne opp med dyre designe kleder. Kristin og Eva finner kvarandre, og Eva blir ein stor støtte for Kristin. Kristin blir med Eva ut og blir fort populær blant hennes venner, spesielt blant gutane. Kristin får mye betre sjølvtillit, og tar til slutt eit oppgjer med seg sjølv.

Du vil møte mange forskjellige personar i boka. Det er mange forskjellige personar du kan kjenne deg igjen i. Du møter Kristin som er hovudpersonen, hennes beste venn Eva, David, Johan, Axel, Fredrik, Gustav og mange andre. Kristin er ein dame med mørkt hår, og ho virke veldig usikker på seg sjølv i begynninga. Ho er bestevennen til Eva, Eva er ein dame som bryr seg mye om klede, og er opptatt av fest. Dei er ganske forskjellige, men dykk kjem nærmare kvarandre i boka. Det er bra personskildring i boka, og man kan sitte igjen med klare bildar i hovudet om korleis personane ser ut.

Temaet i boka er ekteskap. Ord som kan beskrive boka er blant anna ekteskap, fest og venner. Denise Rudberg får frem i boka, at man må komme seg vidare uansett kva som skjer, og man må tørre å stå for det man meiner, og ikkje minst seie i frå.


Denise Rudberg skriv på ein fantastisk måte, ho skildrar Stockholm og dei forskjellige tinga så utroleg bra. Ho bruker eit lett språk, som man forstår. Denise Rudberg er flink til å bruke eit språk som er levande. Ho får alle som leser boka til å leve seg inn i situasjonane, som hovudpersonane oppelevar. Ho bruker eindel språkelege virkemidlar som gjer det enda meir levende, eks metaforar.


Eg synas boka er utroleg bra. Kanskje den beste boka eg har lest, som ikkje har vært ein typisk ungdomsbok. Denise Rudberg skriv på ein fantastisk måte, som gjer det lett og følgje med og forstå ulike situasjonar. Eg trur ho skriver så bra, fordi ho kanskje har opplevd noe av tinga sjølv. Denise Rudberg lever i Stockholm, og beskriv ting akkurat som det er. Eg anbefaler alle som liker jentebøker og lese ho. Nu gleder eg meg til å lese resten av trilogien, og begynne på neste bok. Boka passer nok best for vaksne kvinner, eller ungdommar som liker å lese om opplevingar i storbyar. Kvart minutt du bruker på å lese denne boka, er verkeleg verdt det. Eg gir boka terningkast fem.

Ingen kommentarer: